Vilkår

Prisar og oppdragsvilkår

Når eg tek på meg eit oppdrag for ein ny kunde vil egstadfeste dette med ei nærare skildring av dei konkrete vilkåra for oppdraget, mellom anna prisen. Nedanfor er standard oppdragsvilkår. I den grad det gjeld særvilkår for det enkelte oppdraget, vil dette gå fram av den konkrete oppdragsstadfestinga.

I dei allmenne vilkåra finn de óg prisar for ulike oppdrag.

ALLMENNE VILKÅR FOR OPPDRAG UTFØRT AV ADVOKAT ASK ØKLAND

Innleiande føresegn

Desse allmenne vilkåra («vilkåra») regulerer forholdet mellom advokat Ask Økland («advokaten») og den som advokaten utfører advokattenester for («klienten»), for det oppdraget advokaten utfører for klienten («oppdraget»). Vilkåra vert rekna som ein del av oppdragsavtalen, så langt anna ikkje er avtalt.

I samband med oppdrag som avgrensar seg til heilt korte konsultasjonar eller telefonsamtalar, gjeld vilkåra så langt dei høver.
Advokaten pliktar å utføre oppdraget i samsvar med gjeldande lovgjeving, god advokatskikk og til klienten sitt beste.

Etablering av oppdrag

Det vert sendt oppdragsstadfesting i eige brev eller e-post til klienten, for kvart oppdrag, med mindre det er snakk om slike kortvarige oppdrag som er nemnde i Advokatforeininga sine retningsliner.

Dersom oppdragsstadfestinga inneheld andre vilkår for oppdraget enn det som kjem fram i vilkåra, går oppdragsstadfestinga framom.
Før eit oppdrag vert etablert skal advokaten avklare om det ligg føre interessekonflikt eller andre tilhøve som gjer at advokaten ikkje kan eller bør ta på seg oppdraget. Det same vert gjort i etablerte oppdrag, dersom det kjem nye motpartar inn i saka.

Dersom omsynet til klienten tilseier det, og advokaten heller ikkje finn det problematisk, kan advokaten starte opp arbeid før avklaringa er avslutta. Advokaten tar i så tilfelle atterhald om at avklaring av eventuell interessekonflikt ikkje er endeleg gjort, og at ei eventuell interessekonflikt kan leia til at advokaten må seie frå seg oppdraget.

Advokatverksemder er underlagde lov om kvitvasking. I samband med etablering av oppdrag vil det kunne gjennomførast slik identifikasjonskontroll som følgjer av lova.

Oppdragets omfang og tidslengd

Kva advokaten skal hjelpa klienten med vert fastsett i oppdragsstadfestinga. Det same gjeld kor lenge oppdraget vil vare, dersom det er mogleg å seie noko om dette ved når oppdraget blir inngått.
Dersom klienten ønskjer å trekkje seg frå oppdraget etter at oppdragsstadfestinga er motteken, må han straks gje melding til advokaten. Advokaten har rett til å krevje betaling for medgått tid til dokumentgjennomgang, møte, telefonsamtalar eller anna arbeid fram til klienten eventuelt avlyser oppdraget.

Dersom oppdraget vert utvida på eit seinare tidspunkt, i høve til det som opphavleg er avtalt, vil advokaten sende skriftleg stadfesting på dette.

Gjennomføring av oppdraget

Advokaten vil syte for at arbeidet vert utført på ein god måte for klienten.

Klienten vil få tilsendt kopi av brev, e-postar og telefaksar til og frå advokatkontoret, og få tilsendt utkast til godkjenning/gjennomgang i dei tilfella der det er naudsynt.
Der det er praktisk vil advokaten gjere bruk av elektronisk post, så langt dette er akseptabelt for klienten. Ved bruk av e-post er det ein risiko for at uvedkommande kan få innsyn i den informasjonen som vert sendt, eller informasjonen kjem på avvege. I personsensitive saker vil den elektroniske sendinga om mogleg vere verna av passord.

Dersom klienten ikkje ønskjer at det skal nyttast e-post, må klienten melde frå om det.

Salær

A) Generelt

Salæret er godtgjersla til advokaten for utføring av oppdraget. For utlegg gjeld eigne føresegner.

Salæret vert fastsett etter ein kombinasjon av medgått tid, kompleksiteten i saka og saksutfall. Medgått tid omfattar alt arbeid advokaten gjer i samband med saka. T.d. gjennomgang av dokument, telefonsamtalar, utarbeiding av dokument og e-post, undersøkingar i rettskjelder osb.

For oppdrag som skal fakturerast med utgangspunkt i medgått tid, har advokaten rimelege timeprisar. Ta kontakt for nærare opplysningar. Ikkje-meirverdiavgiftspliktige klientar får vanlegvis rimelegare prisar.

Minste tidseining er 0,25 timar (15 minutt). Timeprisane omfattar alle normale kontortenester, mellom anna vanleg kopiering og liknande. Som tillegg til ovannemnde prisar kjem reiseutlegg og andre utlegg som vert pådratt i saka, gebyr til det offentlege og større kopieringsarbeid.

Det kan bli kravd innbetaling av forskott, for å ta på seg oppdraget eller halda fram med oppdraget. Normalt vil det bli kravd inn eit større forskott i samband med intensive arbeidsperiodar, som til dømes førebuing og gjennomføring av rettsleg prosess.

B) Saker med rettshjelpsdekning (frå forsikringsselskap)

Advokaten hjelpar klienten med søknad om rettshjelpsdekning, der det er truleg at oppdraget vert omfatta av ei slik ordning. Klienten skal opplyse advokaten om kva forsikringsavtalar han har og i kva selskap m.v. Klienten er ansvarleg for salæret sjølv om søknaden ikkje vert tatt til følgje.
I saker der det er innrømma rettshjelpsdekning frå forsikringsselskap («selskapet»), vert det avrekna på same vilkår som ovanfor. Advokaten utbetaler refusjon frå selskapet til klienten straks advokaten mottek slik refusjon. Klienten må betale eventuell eigendel som føl av brev frå selskapet. Det kan avtalast mellom advokaten og klienten at salæret vert avrekna på det tidspunktet selskapet tillet og direkte mot selskapet. Klienten er likevel ansvarleg for salæret. Dersom klienten vert tilkjend sakskostnader av motparten, vil dette kome til frådrag i forsikringssummen og klienten må betale heile salæret til advokaten for deretter å krevje motparten for betalinga.

C) Saker med fri rettshjelp (frå det offentlege)

I saker med fri rettshjelp gjeld den til ei kvar tid fastsette salærsats. Salærkravet verte sendt vedkomande styresmakt etter dei reglane som gjeld for vedkomande oppdragstype. Klienten må betale eigenandel dersom dette følgjer av lov eller forskrift. Advokaten skal hjelpa med søknad om rettshjelp. Dersom klienten gjev uriktige eller ufullstendige opplysningar om økonomiske tilhøve, vert klienten ansvarleg for meirkostnader som følgjer opplysningssvikten.

D) Visse sakstypar der det gjeld minstepris eller fastpris

For utarbeiding av enkelt ektepakt gjeld ein fastpris på kr 3 000 eks mva, kr 3 750 inkl mva. Tinglysingsgebyr til Ektepaktregisteret og Statens kartverk kjem i tillegg til fastprisen.

For utarbeiding av enkel sambuaravtale gjeld ein fastpris på kr 3 000 eks mva, kr 3 750 inkl mva.

For utarbeiding av enkelt testament gjeld ein fastpris på kr 3 000 eks mva, kr 3 750 inkl mva.

Ved eingongs kontorkonsultasjon eller telefonsamtale inntil ein halv time er minste salær kr 1 000 eks mva, kr 1 250 inkl mva. Tilsvarande konsultasjon/telefonsamtale inntil ein time medfører minste salær på 1 250 + mva, kr 1 562,50 inkl mva.

For klage, på t.d. kortmisbruk, til Finansklagenemnda (som før heitte Bankklagenemnda) gjeld ein fastpris på 3 000 eks mva, kr 3 750 inkl mva.

For klage til Husleigetvistutvalet gjeld ein fastpris på kr 3 000 eks. mva, kr 3 750 inkl. mva. I tillegg kjem gebyret til Husleigetvistutvalet. Gebyret er eit rettsgebyr. For tida kr 860.

Utlegg

Med utlegg er her meint utgifter som følgjer av oppdraget så som vederlag til takstmann, rettsgebyr, sakkunnighonorar, handsamingsgebyr til det offentlege m. v. Klienten er ansvarleg for utlegg i saka. Utgifter skal avtalast særskilt med klienten. Dette gjeld ikkje rettsgebyr som følgjer av lovgjevinga og som oppstår som følgje av gebyrutløysande handlingar. Utgiftene skal betalast av klient ved faktura frå tredjemann. Det kan likevel avtalast at advokaten legg ut for utgifta og avreknar denne ved fakturering. Advokaten kan krevje forskotsbetaling for utlegg.

Fakturering

Ved fakturering vil klienten få ein spesifikasjon av utført arbeid. Salæret, og utgifter som advokaten har dekka, vert avrekna etterskotsvis med ein betalingsfrist på ti dagar, som hovudregel månadleg eller ved oppdragets avslutning. Ved for sein betaling vert det rekna forseinkingsrente etter rentelova. Klienten må opplyse advokaten om adresseendring.

Innbetalt forskott vil bli ståande til trygd for framtidig salær. Ved avsluttande faktura vil inneståande forskott bli avrekna, og eventuelt overskytande refundert klient. Dersom ein faktura ikkje vert betalt til forfall, vil advokatadvokatens uteståande bli avrekna mot innbetalt forskott, og nytt forskott må betalast inn før advokatens arbeid held fram.

Dersom faktura ikkje vert betalt, eller forskott ikkje vert stilt, tek advokaten atterhald om å avslutte oppdraget i samsvar med reglane om god advokatskikk.

Saksutfall

Sjølv om advokaten har gitt uttrykk for korleis eit saksutfall kan bli, inneber det inkje rettsleg ansvar for at resultatet vert oppnådd.
Dersom ei rettssak vert tapt, er hovudregelen at klienten vert pålagt å dekkje motpartens sakskostnadar og rettsgebyr. Dette er klientens eige ansvar.

Dersom ei rettsavgjerd endar med at klienten vert tilkjent sakskostnader, men beløpet er lågare enn det salæret som vert kravd av klienten, er klienten ansvarleg for det overskytande. Klienten har elles fullt betalingsansvar for advokatens salær uavhengig av tilkjente sakskostnader, og betaling av advokatens salær er aldri avhengig av at motparten faktisk kan og/eller vil betale idømte sakskostnader.

Tvistelova (lov om rettargang i sivile saker) har reglar om forliksrådshandsaming og småkravsprosess, der det er grenser for kva sakskostnader som kan idømmast i forliksrådet og i saker som gjeld krav som ikkje overstig kr 125 000. Dersom ikkje anna vert skriftleg avtalt mellom partane, er klienten like fullt ansvarleg for fullt salær.

Klientens medverknad

Advokaten er pålagt eit strengt ansvar som rådgjevar. Han skal fremja rett og hindra urett. I sivile saker inneber dette prinsippet at advokaten skal arbeide for at ein oppnår eit korrekt resultat. I sivile saker har advokaten plikt til å leggje fram bevis for retten, sjølv om beviset talar i klienten sin disfavør. Klienten pliktar etter beste overtyding å gi advokaten fullstendige og korrekte opplysningar om saksforholdet. Ved opplysningssvikt kan advokaten trekkje seg frå oppdraget dersom dei advokatetiske reglane opnar for det. Klienten pliktar i rimeleg utstrekning å bidra til saksframdrifta.

Det er vidare ein føresetnad at klienten gjer advokaten merksam på andre bevis som klienten ikkje har rådvelde over, men som klienten meiner kan skaffast hjå andre.

Til betre saka er avklart, opplyst og førebudd frå klientens side, til meir effektivt vil advokaten kunne arbeide. Dette vil verke inn på storleiken på salæret.

All kontakt med motparten skal skje gjennom advokaten, om ikkje anna konkret vert avtala. Klienten må straks melde frå til advokaten om eventuell direkte kontakt frå motpartens side eller frå motpartens advokat.

Teieplikt og personopplysningar

Advokaten har teieplikt og skal handsame dei opplysningane han får i saka, fortruleg. Eventuelle unntak er regulert i lov, til dømes kvitvaskingslova.

Mange opplysningar vil vere personopplysningar som vert handsama i tråd med reglane i personopplysningslova.

Klage på advokaten

Klienten kan få vurdert om oppdraget er utført i samsvar med god advokatskikk og om salæret er for høgt. Etter gjeldande reglar kan kvaliteten på arbeidet ikkje underleggjast prøving av disiplinærorgana for advokatar. Klagefristen er som hovudregel seks månader frå det tidspunktet klienten vert kjend med eller burde vorte kjend med dei omstenda som klagen grunnar seg på. Klagen vert handsama av Advokatforeininga sitt regionale disiplinærutval, Hordaland krins. Vedtak frå disiplinærutvalet kan ankast inn for Disiplinærnemnda.

Nærare opplysningar om klageordninga finn ein på Advokatforeininga si heimeside http://www.advokatforeningen.no under «Disiplinærsystemet».