Skatte- og avgiftsrett

Skattar og avgifter utgjer ofte store beløp, og det er viktig å ha oversikt over skatte- og avgiftsspørsmål før ein transaksjon blir gjennomført. Dersom ein gjer feil kan det medføra strenge konsekvensar frå styresmaktene. Det er difor ofte gunstig å få kvalifiserte skatte- og avgiftsråd tidleg.

Rådgjeving i samband med restrukturering og kjøp/sal av aksjeselskap. Bistand ved bokettersyn, endring av likning, likningsklager og søksmål mot skatteetaten. Rådgjeving i samband med utanlandsskatterett/ inn- og utstasjonering av personell.

Laupande skatte- og avgiftsrådgjeving for selskap, næringsdrivande og privatpersonar.

Skattespørsmål knytt til incentivordningar for tilsette.

Arveavgift og andre særavgifter.

Advokat Ask Økland har skatterett spesialfag og har hatt skatterett som hovudarbeidsområdet i ca. 12 år. Han har spesielt arbeidd med personskatt og utanlandsskatterett/ skattespørsmål som oppstår ved kryssing av landegrenser.

Advokat Ask Økland har òg arbeidd med meirverdiavgift på Nordland fylkesskattekontor, og har såleis praksis med avgiftsrett.

Reklame