Arverett og skifte

Med stadig meir kompliserte familietilhøve blir òg  arvespørsmåla meir innfløkte.  Det kan t.d. lett oppstå interessemotsetningar mellom gjenlevande ektemake/sambuar og avdødes barn frå tidlegare ekteskap/sambuarskap.

Like eins er det ofte konfliktar mellom arvingar om gåver eller lån som foreldra kan ha gitt til enkelte barn. Ordninga med uskiftet bo gir også opphav til tvistar.

Testament og/eller sambuaravtalar. Det kan i mange tilfeller hindra framtidige tvistar. Advokat Ask Økland bidreg med oppretting av testament og sambuaravtalar og bidreg i alle typar arvetvistar.